Børselv

Børselv (kvensk Pyssyjokinordsamisk Bissojohka) er ei bygd og ein tettbygd stad i Porsanger kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke, ca. 42 km frå Lakselv. Innbyggjartalet er ca. 250. Børselv er mest kjend for å vere ei av dei bygdene der kvensk står sterkast.

Børselv har ein daglevarebutikk som har bensinutsal, tipping og apotekutsal. Børselv oppvekstsenter består av barnehage og barne- og ungdomsskule. Skulen hadde 19 elevar i 2010.

I Børselv ligg Kainun institutti - kvensk institutt. Senteret har vore i full drift sidan januar 2007. Det arbeider for å verne og utvikle kvensk språk og kultur, og driv dessutan både språkleg og kulturelt opplysningsarbeid.

Når det gjeld reiselivsnæring finst det i Børselv ein overnattingsstad, Bungalåven‚ eit lite familiedrive overnattings- og aktivitetssenter.

Gjennom bygda renn Børselva, ei elv der laksen går ca 80 km innover i landet.

Bilde og tekst hentet fra Wikipedia:
https://nn.wikipedia.org/wiki/B%C3%B8rselv